Tore Sebjørnson, f. ca. 1470, nemnd 1519 og 1563. Det er til denne tid - 1960-åra - ikkje kjent kor han var frå. Men alt tyder på at han var av høg byrd - gjerne av adel. Namnet på kona hans er ikkje kjent, men ho var dotter åt Torgils Vikingson på Aga i Hardanger og kone Gudrun Ormsdtr. Lydvo. Torgils var son åt Viking Finnson som var sonesons son åt Torstein Mita på Aga og kone Margrete Holmfridsdtr. Dette var folk av høgadelen. Gudrun var dotter åt Orm Ivarson Lydvo, Voss og kone Gyrid Bårdsdtr. Orm er nemnd i 1436. Han var son åt Ivar Vikingson Skjelde på Voss, som så att var son åt Viking Ormson Måge, Ullensvang og kone Holmfrid Pålsdtr.
Det kan skjotast inn at riksarivar Asgaut Steinne seier at Holmfrid er eit av dei sjeldnaste kvinnenamn i Norge. Ca. år 1000 var den første Holmfrid, den svenske kongedottera Holmfrid Eiriksdtr., g. m. Svein Håkonson jarl. Dei kvinnene som bar Holmfrid-namnet var alle av same ætt.
Gyrid Bårdsdtr. var dotter åt Bård Sigurdson på Torsnes i Hardanger, nemnd 1410, d. 1446 - og kone Gyrid Torbergsdtr. - Bård og Gyrid hadde to born: 1. Gyrid, g. m. Orm Ivarson Lydvo. 2. Herborg, g. m. Nikolaus Rafnvaldson. Desse to siste hadde m. a. sonen Gotskalk, biskop i Holar på Island. - Ved skifte etter Bård og Gyrid 4. mars 1497 - lenge etter deira død - var jordegodset etter dei på om lag 84 laupar smør.
Orm Ivarson Lydvo og Gyrid Bårdsdtr. Tornes hadde 4 born: 1. Sira )prest) Ivar Ormson Voss. Han hadde sonen Orm Ivarson, Kannik i Stavanger. 2. Ingrid, mannens namn ukjent, men dei hadde Lydvo. 3. Astrid, g. m. væpnaren Orm Eirikson av adelsætta Orm. Lagrettesmann i Ryfylke, budde i Stavanger. Han var med i opprøret i Ryfylke 1518-20 mot dei høge skattane. For dette vart han fengsla og hengd i Bergen 1521. 4. Gudrun, g. m. Torgils Vikingson. Det var desse to som m. a. hadde ei dotter som var g. m. Tore Sevjørnson. Etter Torgils død gifte Gudrun seg oppatt ca. 1497 m. Hans Marteinson. - Det har tidlegare vore sagt at kona åt Tore skulle heite Gyrid og at ho var dotter åt Gudrun og Hans. Men namnet hennar er framleis ukjent.
Dette var eit srygt steg attende i tida, vil vel nokon seie. Ja, men det kan vera turvande av fleire grunnar med såpass eit attersteg: For å gje litt av bakgrunnen for denne gamle ætta i Talgje. Og for å skjere gjennom og rette nokre feil av ættehistorisk art her og der. Serleg har Asgaut Steinnes og Berge Velde lagt ned mykje arbeid med dette. Deira granskararbeid kjem nå dette til gode. Og ikkje minst av omsyn til dei mange ættlingane etter Tore Sebjørnson i Talgje må det vere fullt forsvarleg med såpass attersyn.
Forutan Talgje åtte Tore Sebjørnson gleire gardar rundt om i Ryfylke m. a. det gamle stormannsætet Randa i Fister - hovedbølet etter lagmannen Sigurd Ormson, Tore og kona, N. N. Torgilsdtr. hadde 2 born, som ein veit om:
a. Sebjørn
b. Tore, f. 1515, d. før 1578. Han erva Randa og budde der. Han var gift, men etter alt å døme barnlaus. Han vart kalla «Kongen på Randøy.» Randa-garden fall seinare som arv til brordotter hans Gudrun Sebjørnsdtr. Sjå nr. 4 b.
Desse to brørne, Sebjørn og Tore, er nemnde i to herredags domar frå 1557 og 1578 i høve tvist om arven etter ein nær slektning av seg, hustru Cesilie. Av hustrutittelen går det fram at ho var av adelsætt. Ein veit ikkje med tryggleik kven ho var dotter åt, men ho var nok av ei ætt som hadde ått Randa. Det har vore gidssa på at ho var dotter åt Gudrun Ormsdtr. og andre mannen hennar, Hans Marteinson. Cesilie og mor åt Sebjørn og Tore kan då ha vore halvsøstre. Det gjev i så høve forklåringa på den nære skyldskapen.
Cesilie var g. m. vepnaren Sjurd Mattson, ein av dei mykje omskrivne Mattsønene. Sjurd og Vesilie budde på Randa i 1519. Dei hadde nokre born saman, men Cesilie døydde medan borna var små. Ingen av borna kom til å vekse opp og Sjurd vart sitjande med Randa uskift så lenge han levde. Han levde i 1532 og vudde etter alt å døme då i Talgje. Han nemnes i alle høve «Siuordt Mattszøn paa Talgje».
Etter at Sjurd var død, tok brørne Sebjørn og Tore Toresøner, som dei næraste ættlingane etter Cesilie, heile Randagodset til seg. Men då kom dei i strid med brørne etter Sjurd, som kravde brorarv. Herredagsdomen i 1557 gav Mattssønene medhald i kravet. Men Sæbjørn og Tore heldt fram med å sitje med alt saman. Det vart ny sak og ny herredagsdom i 1578. Her vart Sebjørn og Tore på ny dømde til å gå med på deling. Tore munne då ha løyst inn Randa. Han budde der som ovanfor nemnt, til sin døyande dag.
Etter Tore og kona fall Talgje til eldste sonen, Sebjørn Toreson.
[Sjernarøy bygdebok s. 469-470]