f. ikr. 1662 på Barkeland vart bonde på Barkeland etter faren. Bygselbrev fekk han først i 1714, året før faren døydde, men han hadde nok styrt garden frå før 1700.
Lars Larsson er nevmnd lensmann i 1710, men truleg var det berre mellombils for Ånon Marvik som var lensmann både før og etter 1710. Elles var Lars Barkeland vel kjend på tinget og visste korleis ei sak skulle førast. I ei sak mellom Tore Håvarstein på Rennesøy og Lars Barkeland om eigedomsretten til 1 l. 12 m. sm. i Vatland sende Tore ein sakførar eller prokurator for seg til tinget. Lars Barkeland møtte opp, sanna han var rett stemnd til tinget, men etter «Norges laug» skal bonde møte bonde i retten, han kan ikkje godta at Tore Håvarstein sender ein sakførar til tinget. Saka vart utsett for at Tore Sjølv kunne møta fram. Truleg var det for å vinna tid. Da saka kom oppatt møter framleis ein sakførar for Tore, men Lars Barkeland protestera ikkje, nå har han alle papir og brev i orden og vinn og saka.
Det er nemnd i innleiinga om Barkeland striden om skiftelinene med presten. To andre saker som presten og Lars Barkeland var innblanda i skal her stutt nemnast.
I 1711 vart det skrive ut ein ekstraskatt. Det var presten som skreiv opp manntalet for sin kyrkjelyd. Deretter sette to mann namnet sitt under som prov på at det var rett. Det var Lars Barkeland og Jakob Bjering på Lovra som skreiv under. Seinare viste det seg at sokneprest Tiurholm hadde gjeve feil sjølmelding for seg sjølv. Han hadde skrive at han hadde 3 barn over 12 år, men han hadde 7 barn over 12 år. Truleg hadde korkje Lars eller Jakob lese gjennom manntalslista, men litte på at presten skreiv rett. Futen fekk snart greia på dette og ville trekkja jelsapresten til ansvar for urett sjølmelding. På tinget svarte presten at etter forordninga skal ingen skatta for meir enn 3 barn, og då meinte han det kunne vera det same for futen kor mange barn han elles hadde. Futen var ikkje samd i dette. Det var ikkje for å få meir skatt han hadde reist saka, men for urette brev. Domen vart at presten og dei to som hadde skrive under skulle betala 10 rd. for kvart barn presten hadde gløymt og 3 rd. i saksomkostnad, tilsaman 43 rd. Då dei seinare skulle krevja inn bøtene viste det seg at det sto ingen ting i dommen kor mykje kvar skulle betala. I 1714 fall derfor ny dom: Presten skulle betala halvparten, dei to andre ein fjerdepart kvar. Presten vart panta for sin part 29. mai 1715. Men same året stemnde Lars Barkeland inn lensmannen og stemnevitner til tinget. Dei skal vitna om ikkje presten har sagt at han skal halda Lars Barkeland og Jakob Lovra skadelaus i denne saka. Presten sende eit skriv til tinget at han har anka dommen til høgare rett, vert han der frikjent ville han halda dei skadeslause. På annan måte var det ikkje meint. Noko meir om dette kjem ikkje oppatt på tinget.
Presten skriv i same skattelista 1711: «Penge på rente har jeg ganske ingen så sant hjelpe mig Gud.» Det hadde han kanskje ikkje men pengar på kistebotnen monne han hatt.
Natta millom 17. og 18. mars 1714 var det innbrot i prestegarden. Det var stole 300 rd. etter som presten sjølv sa. Nå hadde Lars Barkeland ein steson, Ola Olson, som den tid budde på Finnesand på Mosterøy. Ei tid etter innbrote i prestegarden hadde han vore på Sandnes. Han var ein lentug kar og betalte godt for seg, skjemta med at det var då endå att av pengane til jelsapresten. Det tok ikkje så lang tid før sokneprest Tiurholm fekk veta kva Ola Finnesand hadde sagt på Sandnes. Ola Finnesand vart sett fast og saka kom opp på ting både på Jelsa, Rennesøy og Sandnes. Lars Barkeland gjekk god for steson sin så han vart sett på frifot, og sette byskrivar U. F. Ågård i Stavanger til forsvarar for han. Men saka gjekk vidare, like til Ola Finnesand kunne prova at den natta det vart stole i prestegarden då låg han i Stavanger i huset til Mikkel Valentinson. Ola Olson Finnesand vart frikjent, men fekk ei heller dryg bot for munnbruket sitt på Sandnes. Tru om ikkje ordtøket «skriv det på jelsapresten.» skriv seg frå dette.
Båe desse sakene skulle ikkje gjera venskapen varmare millom Barkeland og prestegarden. Presten fekk elles etter den siste saka så mange krav både frå Ola Finnesand og frå alle lensmenn som hadde halde Ola Finnesand i arrest og ført han frå ting til ting, at han søkte seg bort frå Jelsa og reiste i 1716 til Evje i Setesdalen.
Lars Barkeland var 1. g. m. Sissel Olsdotter frå Kjøllevik i Strand. Ho var enke då, og hadde sonen Ola Olson med seg til Barkeland. Det er den same Ola Olson eller Ola Finnesand som me nett har skrive om. Han var 16 år i 1701. I 1705 gifte han seg med den gamle enka på Hamra Siri Osmundsdotter som godt kunne vore oldemor hans for alderens skyld. Ho døydde i 1711, og det var då at Ola busette seg på Finnesand. Sist me høyrer til han er han komen til Kjøbenhavn.
Sissel Olsdotter vart grl. i 1700 51 år gamal. Med Lars Barkeland hadde ho barna:
a.Eli Larsdtr., g. 1715 m. Halvar Halvarson Østhus i Bygda.
b.Marta Larsdtr., g. 1719 m. Ånon Klengson Marvik.
c.Lars Larsson f. 1691, d. 1702.
Lars Barkeland g. 2. 1701 m. Marta Olsdotter, Håland i Erfjord. Med henne hadde han barna:
d.Sissel Larsdtr. f. 1704, g. 1723 m. Torkel Johannesson Bjerga i Sand.
e.Sissel Larsdtr. d. y. f. 1706, g. 1729 m. Jon Olson Rørheim på Ombo. Ho vart enke to månader etter og gift 2. 1730 m. Johannes Torgerson Illstad.
f.Lars Larsson f. 1708, bonde Barkeland (7).
g.Ola Larsson f. 1711, d. s. å.
h.Brita Larsdtr. f. 1714, d. 1724.
i.Kari Larsdtr. f. 1717, g. m. Erik Hermannson Landsnes, budde tilsist i Habn u. I. Høyvik.
j.Marta Larsdtr. f. 1721, g. m. Lars Bjørnson Jelsa.
Lars Barkeland døydde i 1722. I buet etter han var der jordegods i Vatland, Helgeland, Vikedal, Vignes på Finnøy, Sørestad i Suldal, Natland og Tveiterå.
Etter Marta Olsdotter er det skifte 1742.